torsdag 10. desember 2009

Ekspedisjon til Phan Rang


Etter ei rekke dagar med bra vind her i Mui Ne, meldte meterologane svak vind på tysdagen. Vi bestemte oss derfor for å vere med Phi, ein av dei lokale heltane, nordover til Phan Rang. Der vart vi lovt både bølger, "flat water" (eller "black water" som vietnameserane kalla det)og sterk og stabil vind.

Etter fire timar med homping på landevegen, i en buss full av kitera og tilhøyrande utstyr, kom vi endeleg fram. På grunn av "low tide" var bukta med "flat water" vi skulle kite på, redusert til ei lang fjøre utan ein dråpe vatn. Men sjøen var flødande, og etter ein tidleg lunsj og litt kiting på utsida av revet utanfor, vart bukta fylt opp. Vi fekk dermed nokre fantastiske timar med stabil vind og "black water" før vi pakka i bussen og "hompa" heim til Mui Ne.


Bussen vi hompa fram og tilbake frå Phan Rang med.


Brand new kite, og bukta vi skulle kite på i bakgrunnen.


Dama som jobba med å samle småsnigla på stranda..


Dei lokale ungane som aldri hadde sett eit kitebrett før..


Det samla seg etter kvart ein heil del tilskoderar..


Phi tøffa seg for fotografane!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar