søndag 17. januar 2010

Restricted area

Etter at nyttårsfeiringa var vel overstått bestemte vi oss for å vere med to lokale heltar, Anthony og Smiley, nordover for å prøve kiten utanfor Mui ne. Målet for utflukta var ei strand like sør for Phan rang. Stranda har eit beskyttande rev nokre hundre meter frå land. Dette gir fine bølger for surfing på utsida, og vatn utan bølger på innsida, med andre ord alt ein kitar kan ynskje seg. Einaste problemet er at stranda er lokalisert i ei militær sikkerheitssone. Dette gjer at alle som prøvar å kite her på eiga hand vert arrestert av det vietnamesiske militæret.

For å unngå dette vart vi med Anthony og Smiley, som gjennom å opprette eit vietnamesisk tour-selskap, har klart å hestehandle seg fram til løyve til å kite i sikkerheitssona (det skal leggast til at før dei klarte dette vart dei arrestert... to gongar..).

Vi kom fram til stranda rundt klokka 12. Det bles rundt 10 m/s vind, og revet hadde akkurat begynt å fylle seg med vatn. Fram til rundt klokka tre var det kiting i bølgene, etter det hadde vatnet stege nok til at ein kunne kite inne på revet i tilnærma speilblankt vatn. Etter ytterlegare nokre timar med fantastisk kiting pakka vi i bussen og køyrte omlag ein halvtime nord til Phan rang for å finne mat og overnatting. Etter ein middag med vietnamesiske "spesialitetar" var alle klare for senga.



Stranda og revet ved "low tide".



Familiebilde på revet.



Andreas vise fram en av dei nye kitane.



Beina i været!



Nytt familiebilde.



Anthony og Smiley ordnar hotell.

















Dagen etter reiste vi til ei anna strand inne på det militære området. Litt svakare vind, men framleis perfekte forhold for 10 m2 kite. Stranda hadde flotte 1-2 meter høge bølger å leike i, samt ei ferskvasslagune ca 150 meter lenger inne på stranda. Laguna var under 80 m breid, og ikkje meir en 30-40 cm djup (på det djupaste), men det var berre sand på alle kantar. Og vatnet var flatt som eit parkettgolv!! Etter nesten sju timar i denne leikegrinda sette vi kursen heim mot Mui ne. Som prikken over I-en, stoppa vi ved eit buddhistisk tempel og drakk øl i solnedgangen på veg heim.



Dette er "flat water"!



To små holmar i laguna.



Vincent og Adam i laguna. Stranda med fine bølger i bakgrunnen.



Vincent teke kiteloopar i laguna.



Grab



Og ein til.



Happy Buddha i solnedgang.

Bra tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar